KM Futsal i Gaupne

3. – 4. februar 2018, Gaupne Idrettshall.

IL Bjørn ønskjer velkommen til SSF KM Futsal aldersbestemt kvalifisering 3.-4. februar, i Gaupne Idrettshall.

Heile helga blir det futsal-fotball i hallen, med resultatoppdatering direkte på nett. IL Bjørn fokuserer på sunn idrettsmat, og det blir sal av frukt, lapskaus, wraps og mykje, mykje meir. Me har Vipps! Les meir KM Futsal i Gaupne

Fotball og Hopp – litt historikk

Frå Bjønnaposten 2006 (skrive av Steinar Molland til IL Bjørn sitt 40-års jubileum)

FOTBALL

Heilt frå I.L. Bjørn vart starta i 1966 var fotball på kartet, og dei fyrste åra hadde laget eit juniorlag som deltok i seriesystemet. Men mangel på fotballbane gjorde det vanskeleg både med trening og avvikling av kampar. Nokre av spelarane frå Bjørn vart derfor med i Hafslo I.L. og kom såleis med på seniornivå.  Les meir Fotball og Hopp – litt historikk

Idrettslaget Bjørn vert skipa

Ingen av dei personane som var samla i ungdomshuset Soltun i Gaupne den 21. mai 1966 og gjorde dei framtidsretta vedtaka om skiping av eit nytt idrettslag i bygdene våre, hadde klåre førestillingar om korleis utviklinga for laget kom til å bli. Men det var ein flokk idealistar med sterke draumar om utvikling, og at ”ei sunn sjel i ein sunn kropp” måtte få grorbotn og vokstervilkår i nærmiljøet.

Det var ein flokk samfunnsinteresserte personar som i kvar si heimegrend gjennom fleire år hadde lagt ned ein stor arbeidsinnsats for å gje born og unge eit aktivt og trygt fritidstilbod.

Ingen hadde tankar om at det vesle laget dei var ”fødselhjelparar” til skulle veksa seg så stort og på stutt tid bli ein så sterk kulturell institusjon som laget synte seg å bli. Men dei trudde på ideen og på folka som skulle setja ideen ut i livet -! Dei trudde på eit framhald av det som hadde vore før -! Les meir Idrettslaget Bjørn vert skipa

Milliongåve frå Luster Sparebank til idretten i Luster

Luster Sparebank har vedteke å støtta IL Bjørn med kr. 1.500.000,- til bygging av Luster Idrettspark.

Banken har sett seg som mål å vera ein aktiv motor og støttespelar for gode initiativ som kan skapa trivsel og utvikling i kommunen. Innsatsen frå banken er i stor grad retta mot tiltak for barn og unge, men også til initiativ som kjem næringslivet og folk i alle aldrar til gode.

Løyvinga til Luster Idrettspark kjem såleis i rekka av anlegg banken har støtta opp om, som t.d. Lustrabadet og Sogn Skisenter.

Banksjef Oddstein Haugen og leiar Bjørn Tore Årøy brenn for både kultur og idrett.

Les meir Milliongåve frå Luster Sparebank til idretten i Luster