Luster Sparebank har vedteke å støtta IL Bjørn med kr. 1.500.000,- til bygging av Luster Idrettspark.
Banken har sett seg som mål å vera ein aktiv motor og støttespelar for gode initiativ som kan skapa trivsel og utvikling i kommunen. Innsatsen frå banken er i stor grad retta mot tiltak for barn og unge, men også til initiativ som kjem næringslivet og folk i alle aldrar til gode.
Løyvinga til Luster Idrettspark kjem såleis i rekka av anlegg banken har støtta opp om, som t.d. Lustrabadet og Sogn Skisenter.
Banksjef Oddstein Haugen og leiar Bjørn Tore Årøy brenn for både kultur og idrett.
Banken er glad for å kunna vera med å realisera eit anlegg for friidrett og fotball i kommunen som kan brukast størstedelen av året. Unge i kommunen har til denne tid ikkje hatt eit tilfredsstillande anlegg for friidrett. Skal ein løfta nivået i dei ulike idrettane er dei unge avhengige av gode treningsfasilitetar heile året. Lys og kunstgras med undervarme vil gje tilbodet ein heilt annan dimensjon.
Luster Sparebank er difor glad for initiativet frå Idrettslaget Bjørn, og ønskjer lukke til med realiseringa av det store prosjektet!
Bakgrunn
Anlegget er rekna å koste om lag 15 millionar. Av dette er det rekna 5,4 millionar i spelemidlar og 5,2 millionar i tilskot frå Luster Kommune. Idrettslaget må difor stilla opp med minst 4,4 millionar i frisk kapital. Det er eit stort løft for eit idrettslag som IL Bjørn med sine knappe 800 medlemmar og 2,7 millionar i omsetning (Oppdatering desember 2017: Totaltkostnad kjem på ca 19 millionar).
I tillegg må ein kunne syne at ein er i stad til å drifta eit slikt anlegg for å få spelemidlar. For å få godkjend spelemiddelsøknad må anlegget ha idrettsfunksjonell godkjenning. For å få ei slik godkjenning må mellom anna godkjend finansieringsplan og driftsplan vera på plass i god tid før fyrste spadetak.
Hovedarena
Luster Idrettspark er i kommunal handlingsplan omtala som kommuneanlegg og hovudarena for fotball og friidrett i Luster Kommune. Det vil i praksis seie at det ikkje vert nytta kommunale midlar på å utvikla andre anlegg med slike funksjonar i kommunen.
Bakgrunn
Gaupne stadion (også kjent som Sentralidrettsanlegg for Luster kommune) vart etablert i 1975.
Status for dette anlegget er i dag kommuneanlegg for friidrett og fotball i Luster kommune.
Det vart i 1999 inngått avtale mellom Luster kommune og IL Bjørn om drift av Gaupne stadion.
IL Bjørn disponerar i dag ei kunstgrasbane, grasbane og eit treningsfelt (gras) sentralt plassert i Gaupne. Kunstgrasbana som eksisterar i dag er eit brukt kunstgrasdekke frå Sognahallen som idrettslaget kjøpte og la direkte på grusbana i 2010. Sjølv om kvaliteten på denne bana ikkje kan reknast som standard, har tilgangen til kunstgras vore eit løft for aldersbestemt fotball i IL Bjørn. Bana er også nytta på dagtid av skulane i Gaupne.
Grasbana er også eit friidrettsanlegg. Status for friidrettsanlegget er prega av manglande oppgradering og fasilitetar som fast dekke og øvingsapparat for kast.
IL Bjørn har over 250 aktive fotballspelarar. Det er mange treningar og kampar som skal avviklast samstundes kvar veke. Det fører til store utfordringar med omsyn til banekapasitet. Treningsfeltet, som vart etablert i 2002, har vore avgjerande for å løyse kapasitetsutfordringa med kombinasjonen trening og kampar på same tidspunkt.
Behov
I dag ser me at fotballsesongen varer vesentleg lenger enn vekstsesongen. Tradisjonelle grasbaner har for liten kapasitet i høve våre behov. Det vert trena heilt frå miniputtnivå frå mars/april månad fram til og med oktober. Frå 11-12 årsalderen byrjar ein også med faste treningar om vinteren.
Kunstgras med undervarme og flomlys gjev større fleksibilitet. Eir slikt anlegg kan brukast vesentleg tidlegare på våren, seinare på hausten, i regnperiodar og i vinterhalvåret. Ei kunstgrasbane med undervarme og flomlys har “ingen” restriksjonar. Med flomlys kan trening og kampar avviklast på kveldstid, seint på haust og om vinteren.
Fotballaktivitetar er i ferd med å utvikle seg til ein heilårsaktivitet. For idretten i Luster kommune er dette merkbart i forhold til den mengde treningstid som no er lagt til idrettshallen i Gaupne. Ved å bygga om grasbana til kunstgrasdekke og med undervarme vil kapasiteten i idrettshallen bli vesentleg betre. Den gjeldande avgrensinga på tilgang til treningstider for fotballaktivitetar i idrettshallen gjeld også andre idrettslag i kommunen.