SSF cup i friteknikk og skiatlon

SSF Cup IL Bjørn

Laurdag 20. januar kl. 12:00
Rennstad: Leirdalen (sjå info under!)
Rennet går i friteknikk fellesstart for klassane opp til og med 12 år.
13 år og eldre skal gå Skiatlon (første del i klassisk og andre del i friteknikk). 

Klassar, løypelengder og startkontingent:
Gutar/menn Lengder Jenter/kvinner  Lengder Starkont.
7 år og yngre 1 km 7 år og yngre 1 km Kr. 100,-
8 – 10 år 1 km 8 – 10 år 1 km Kr. 100,-
11 og 12 år 2 km 11 og 12 år  2 km Kr. 100,-
13 og 14 år 1,5+1,5 km 13 og 14 år 1,5+1,5 km Kr. 100,-
15 og 16 år 2,5+2,5 km 15 og 16 år 2,5+2,5 km Kr. 100,-
17 og 18 år 2,5×2+2,5×2 km 17 og 18 år 2,5+2,5 km Kr  115,-
19 / 20 år 2,5×2+2,5×2 km 19 og 20 år 2,5×2+2,5×2 km Kr. 115,-
Menn senior 2,5×2+2,5×2 km Kvinner senior 2,5×2+2,5×2 km Kr. 130,-

Påmelding på  www.minidrett.no   seinast  torsdag 18/1  kl 23:59.

Startkontigenten vert fakturert klubbane i etterkant av rennet. Premieutdeling med premie til alle rett etter rennet. Deltakarar som er 10 år og yngre får premie ved målgang.

På facebooksida «IL Bjørn skigruppa» vil me leggja ut meldingar fram mot rennet. Løypekart og startliste vert lagt ut seinast fredag kveld. Startposisjon blir trekt ut på førehand og startnr. blir plassert ut på eit lite laminert skilt i snøen. Det er løparane sitt ansvar å vere på plass når starten går.

Det blir kiosk i skihytta med sal av mellom anna toast, vaflar, pølser, smoothies, kaffi og saft. Betaling med VIPPS til IL Bjørn SKI på 141231 eller kontant. Parkering kostar 50 kr og skal betalast på VIPPS eller i kiosken. NB! Dei som har personleg tidtakarbrikke skal bruke den!

Sekretariatet finn de inne i skihytta på stadion. Startnummer skal hentast samla for kvar klubb. Det blir plassert ut 2 mobile toalett ved parkeringen, i tillegg til at det er 1 toalett inne i skihytta.

Vel møtt til skirenn 20. januar 2018

Rennleiar Åge Lie
Mobil: 93426411, aalie@online.no

NB! Leirdalen skistadion finn de ved å:

  • Ta av ved FV 55 i Gaupne og køyr ca 9 km retning Jostedal
  • Ta deretter av til Leirdal, skilt merka ved fylkesvegen
  • Etter ca 3 km deler vegen seg i to. Her køyrer de av til venstre og følgjer vegen til de blir møtt av ein parkeringsvakt. Parkering av bilane skjer langs etter vegen.
Artboard 120 januar cup
1km – 10 år og yngre
3.Artboard 120 januar cup
2km – 11 og 12 år. Går runder på 1.5km og deretter opp att til skihytta og i mål!
2.Artboard 120 januar cup
1.5km x 2 – 13 og 14 år. Går 1.5km og deretter inn området for skibyte. Går så same løypa ein gang til og deretter opp til stadion og i mål.
4.Artboard 120 januar cup
2.5km x 2 – G15, G16, J15, J16, J17 og K18. 2.5+2.5km x 2 – M17 og eldre, K19 og eldre.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s