Idrettslaget Bjørn vert skipa

Ingen av dei personane som var samla i ungdomshuset Soltun i Gaupne den 21. mai 1966 og gjorde dei framtidsretta vedtaka om skiping av eit nytt idrettslag i bygdene våre, hadde klåre førestillingar om korleis utviklinga for laget kom til å bli. Men det var ein flokk idealistar med sterke draumar om utvikling, og at ”ei sunn sjel i ein sunn kropp” måtte få grorbotn og vokstervilkår i nærmiljøet.

Det var ein flokk samfunnsinteresserte personar som i kvar si heimegrend gjennom fleire år hadde lagt ned ein stor arbeidsinnsats for å gje born og unge eit aktivt og trygt fritidstilbod.

Ingen hadde tankar om at det vesle laget dei var ”fødselhjelparar” til skulle veksa seg så stort og på stutt tid bli ein så sterk kulturell institusjon som laget synte seg å bli. Men dei trudde på ideen og på folka som skulle setja ideen ut i livet -! Dei trudde på eit framhald av det som hadde vore før -! Les meir Idrettslaget Bjørn vert skipa