Idrettslaget Bjørn vert skipa

Ingen av dei personane som var samla i ungdomshuset Soltun i Gaupne den 21. mai 1966 og gjorde dei framtidsretta vedtaka om skiping av eit nytt idrettslag i bygdene våre, hadde klåre førestillingar om korleis utviklinga for laget kom til å bli. Men det var ein flokk idealistar med sterke draumar om utvikling, og at ”ei sunn sjel i ein sunn kropp” måtte få grorbotn og vokstervilkår i nærmiljøet.

Det var ein flokk samfunnsinteresserte personar som i kvar si heimegrend gjennom fleire år hadde lagt ned ein stor arbeidsinnsats for å gje born og unge eit aktivt og trygt fritidstilbod.

Ingen hadde tankar om at det vesle laget dei var ”fødselhjelparar” til skulle veksa seg så stort og på stutt tid bli ein så sterk kulturell institusjon som laget synte seg å bli. Men dei trudde på ideen og på folka som skulle setja ideen ut i livet -! Dei trudde på eit framhald av det som hadde vore før -!

EPSON DSC picture
I Bjønnaposten 2006 skreiv Kåre Øvregard ein fyldig omtale av skipinga av IL Bjørn i 1966, og om dei påfølgjande 40 åra. Her er eit utdrag frå det han skreiv om skipinga.

Me veit ikkje heilt sikkert kva tid dei fyrste organiserte idrettslaga vart skipa her hjå oss. Men i ein protokoll frå skilaget i Bråtådalen i Skjåk er det skrive at i ”Jostedalen vart ”Jostedalen Skiløber-forening” skipa i 1891-”. Frå andre kjelder veit me at i 1906 var det to skilag i Jostedalen: Jostedalens Skiløberforening og Jostedals Skiklub.

Sameleis er det fortalt at i Vigdal, Gaupne / Røneid og Indre Hafslo var det før år 1900 organisert både skilag og skyttarlag. Noko seinare – i 1948 – vart ”Idrettslaget Viken” skipa på Nes/Høyheimsvik.

Mellomkrigstida fram til 1940 var ”gullåra” for idrettsaktivitetar i dette området.  Det var serleg på ski – langrenn og hopp – at utøvarane sette spor etter seg kringom på ulike tevlingar på fylkesplanet. Men også andre aktivitetar voks fram – ikkje minst fekk fotball og fotball-kampar stor oppslutnad mellom born og vaksne.

Starten etter krigen – opptur og nedtur

Om lag all idrettsaktivitet var forbode og låg nede under krigen. Straks krigen var slutt i 1945 vakna dei ulike idrettslaga oppatt til ny innsats. I dei aller fleste grendene var det ivrige personar som tok fatt på oppgåvene med friskt mod. Fyrste 10 -15 åra var det  utruleg stor aktivitet både med ski og fotball. Takka vere eldsjeler som Arvin Tvedt i Jostedal, Jacob Molland i Gaupne, Tomas Kjørlaug og Tomas Feet frå Indre Hafslo, heldt denne interessa seg bra stabil i grendene våre fram til midten av 1950-åra. Då fleire av desse karane av ulike årsaker etter kvart ”takka for laget”, dabba også interessa for idrettslagsarbeidet. Dei småe laga rundt om i grendene hadde vanskar med å finna personar som var viljuge til å ta på seg leiaransvar eller andre tillitsverv. Tiskipingane både sommar og vinter vart heller ikkje lett å gjennomføra. Omkring 1960 var det organiserte idrettlagsarbeidet på eit lågmål. Ja, nokon stader var idrettslaga om lag heilt utan aktivitet.

Gamle kostar – men med nye tankar 

Vinteren 1966 var det ”fleire som snakkast” – om ikkje i dei berømte ”bøttekotta”!- så meir i det stille. Han Jacob Molland hadde fått ideen om at sidan det var så vanskeleg å få tillitsfolk til å driva alle dei små laga, var det kanskje lettare å få kvinner og menn til å arbeida i eitt lag som femnde over eit større geografisk område.

På etterjulsvinteren 1966 kalla Jacob saman interesserte personar frå Jostedal, Indre Hafslo, Høyheimsvik og Gaupne til fleire samrådingsmøte. Dette var like etter at den store kommuesamanslåinga i 1963 var eit faktum. Innbyggjarane i desse grendene skjøna at det var ikkje berre på det politiske planet at det kunne vera greitt å samarbeida – men også innan kultur- og idrettsaktivitetar. Kvar for seg var grendene små og veike, men samla hadde dei styrke til å makta større oppgåver.

Og så – etter at Gaupne Idrettslag hadde arrangert eit svært så vellukka krinsrenn i langrenn og hopp i Leirdalen 2.dag påske 1966, byrja dei formelle forhandlingane om nedlegging av idrettslaga for eventuelt å gå inn i eit nytt idrettslag som skulle femna over dei tidlegare arbeidsområda.

Jostedal Skilag, Gaupne Idrettslag og Indre Hafslo Idrettslag heldt alle ålmannamøte der det vart vedteke å gå saman til eitt idrettslag. Idrettslaget Viking på Høyheimsvik hadde visst nok lege nede i fleire år. Der vart det ikkje halde ålmannamøte, men ivrige personar frå grenda ynskte sterkt at det nye laget også skulle femna om Nes og Høyheimsvik.

Fødseldagen til det nye idrettslaget vart 21. mai 1966. 

Utsendingar frå alle grendene møtte i  ungdomshuset Soltun, Gaupne, og dei formelle vedtaka vart vedtekne og bokførde.

Det var viktig å slå fast at arbeidet i det nye laget skulle fylgja gjeldande lover og regelverk. I tillegg skulle arbeidsområda og arbeidsmåtane halda fram mest mogeleg slik det var tradisjon for i dei tidlegare laga. Møtet kom difor til at dei sist valde formenn i kvart av dei tre laga som formelt var i drift ved samanslåinga, burde vera medlemer av det fyrste styret.

Det første styret 1966
Denne biletmontasjen er henta frå ekstranummeret til Bjønnaposten i 1986.

Slik vart det og:
Formann: Jacob Molland, Gaupne
Varaformann: Tomas Kjørlaug, Indre HafsloKasserar: Sverre Tvedt, Jostedal
Skrivar: Kåre Øvregard, Gaupne
Styremedlemer:

  • Jostein Ugulen, Indre Hafslo,
  • John Halveg, Jostedal,
  • Sigurd  Talle, Høyheimsvik.

Varafolk til styret: Lars Leirdal. Lars Erdal, Kristoffer J. Melheim, Tomas Feet, Bjarne Sperle og Haldor Sperle.

Mykje delegering

I 1966 var ikkje kommunikasjonane og sam-banda bygdene i mellom så lette og greie som dei er for oss i dag. Bilparken var eit minimum både for styremedlemene og for foreldre og andre aktørar i ulike idrettsgreiner. Arbeidet i laget måtte difor delegerast så mykje som mogeleg ut frå hovedstyret til tillitsfolk og trenarar i dei ulike grendene. Som sak 6 på skipingsmøtet er det skrive slik i møteboka:

”Det vart vedteke å velja eit arbeidsutval på Indre Hafslo, eit i Jostedal og eit i Gaupne. Dei skal vera til hjelp for styret ved dei ymse arrangementa laget skipar til, og elles andre gjeremål. Desse vart med:

Frå Indre Hafslo: Tomas Feet, Erling Melheim, Sverre Bruheim.
Frå Jostedal: Haldor Sperle, Kåre Gardshaug, Lars Elvekrok.
Frå Gaupne:Lars Leirdal, Sverre Leirdal, Trygve Molland.
Frå Høyheimsvik: Hans A. Nes, Odd Nes, Nils Lillesvangstu.

I ettertid synte det seg at valet av slike arbeidsutval var klokt. Ikkje berre vart det ein stor lette for hovudstyret, men utvala utførde ein god desentralisert aktivitet i alle dei tidlegare arbeidsområda for dei tidlegare idrettslaga. Dette verka positivt på folka i dei ulike grendene, og det tok ikkje lang tid før den nye organiseringa av idrettsaktivitetane var fullt ut aksepterte!

Namnet

Etter ”gamal skikk og bruk” vart ikkje namnet på ”barnet” offentleg vedteke ved sjølve fødselen! Grunnen var at det låg ikkje føre noko godt framlegg. Laget ynskte å finna fram til eit heilt geografisk nøytralt namn, men som likevel hadde både ein ”klang” og ei viss tilknyting til området laget representerte.

SFFf-100057.195567
Bjørnen dei skaut i Leirdalen 25. mai 1956 vart frakta rundt på framsyning. 

Det var fyrst på eit styremøte i august at namnet ”Idrettslaget BJØRN” dukka opp. Namnet vart straks akseptert som eit godt og samlande namn. Heile området som det nye idrettslaget femner om er frå gamalt eit kjent, berømt og berykta bjønnarike. I gamal tid vart det i desse bygdene skote opptil fleire bjørnar kvart einaste år -!

Som eit apropos kan nemnast at I.L. Bjørn vart skipa mest på dagen 10 år etter at den siste bjørnen vart skoten i Leirdalen. Det var Sverre Leirdal som fyrte av det velkjende skotet då bamsen fall ved Fjellstølen i Leirdalen 25. mai 1956 -!

Samanliknande tal

1966:
Medlemstal ca kr 100.
Kontingent:  5 kr vaksne, 2 kr born
Inga treningsavgift
Budsjett: 748,10 kroner

Idrettsanlegg:
Leigde eitt  område /bane Gaupnagrandane
Ca 4 ½ mål kombinert grande og beiteområde!
1 hoppbakke (Fossøyane)
Leigde/Lånte Ungdomshusa til innandørs trening om vinteren

Aktivitetar/sergrupper:
Ski: langrenn og hopp
Fotball: gutar- og juniorlag

2016:
Medlemstal: Om lag 750
Kontingent: Vaksne mellom kr 800 og kr 1500.
Born mellom kr 300 og kr 800.
Inga Treningsavgift
Budsjett: 2,8 mill kroner

Idrettsanlegg:
Gaupne stadion (friidrett, grasbane, kunstgrasbane)
Gaupne ballbinge
Jostedal Lysløype
Ljosvang ballbane
Leirdal Skianlegg
Bruflat treningsfelt (grasbane)
(Fossøybakken vart vedteken nedlagt i 2016)

Aktivitetar:
Fotball, Handball, Ski, Symjing, Motorsport, Trim, Barneidrett (idrettsskule), Volleyball
Friidrett (Molden opp)

Bjønnarennet

har frå starten av vore hovudrennet, og rennet vart difor fort eit verkeleg ”familierenn”.

Heile familiar med mor, far og småborn med ski på føtene og liten sekk på ryggen på veg innover løypene mot breen vart eit vanleg og utruleg hyggeleg syn. Det opne landskapet med mange småe snødekte bre-vorar langs med løypa var innbydande ”kvileplassar” der nistematen, sjokoladedrikke og appelsiner smakar ekstra godt-!

Deltakartalet auka trutt og sikkert år for år – frå knapt 100 i 1967 til det høgaste nær 1000 startande i 1983. Seinare har talet på deltakarar gått noko ned, og har siste åra stabilisert seg omkring 500 store og små registrerte deltakarar.

-Når det år om anna også var meir enn 1000 tilskodarar samla på Nigardsgrandane og ved hoppbakken i Fossøyane, var det verkeleg liv og folkefest i dalen -!

Arne Larsen-1
Arne Larsen var mellom kjendisane som trekte mykje folk til hoppbakken i Fossøyane.
Styret 1986
Bak frå venstre: Ole Eikum, Osvald Eide, Venke Kvalsøren og Selmer Tverberg. Sitjande framme: Kristoffer Melheim. Innfelt: Odd Arne Myklemyr. Biletet er henta frå ekstranummeret til Bjønnaposten 1986.
Aud Hønsi
IL Bjørn var svært så glade då dei i 1968 kunne reklamera med at ei jente som hadde for vane å vinna Noregsmeisterskapet i stafett saman med Berit Mørdre Lammedal og Ingrid Wigernes stilte til start på rennet vårt! Det var Aud Kjensli (Hønsi) som representerte Romerikslaget. Aud vart gift med Oddvar Hønsi frå Vik og vart eit årvisst, populært og fast innslag på Bjønnarennet. Heile 15 gonger har Liv vore å sjå i løypene innover Nigardsbreflatane.

 

Kommenter innlegget