Fotball og Hopp – litt historikk

Frå Bjønnaposten 2006 (skrive av Steinar Molland til IL Bjørn sitt 40-års jubileum)

FOTBALL

Heilt frå I.L. Bjørn vart starta i 1966 var fotball på kartet, og dei fyrste åra hadde laget eit juniorlag som deltok i seriesystemet. Men mangel på fotballbane gjorde det vanskeleg både med trening og avvikling av kampar. Nokre av spelarane frå Bjørn vart derfor med i Hafslo I.L. og kom såleis med på seniornivå. 

Etterkvart vart dette samarbeidet meir formalisert og fotballklubben Hafslo/Bjørn vart stifta. Takka vera mange gode leiarar vart det jobba veldig godt med laget, bl.a. vart det leigd inn trenar – Per Ingar Sviggum, (tidlegare keeper på Sogndal) – og laget oppnådde etterkvart gode resultat.  Men etter nokre år valde Bjørn å trekka seg ut av samarbeidet. Ein av grunnane var nok at dette vart nokså store utgifter for eit lite lag, og mange meinte nok at all innsatsen dei la ned for å skaffa peng til Idrettslaget gjekk til fotballaget.

Det var i mange år lova at det skulle verta eit kommunalt idrettsanlegg med fotballbane i Gaupne – men den let venta på seg.  Det vart derfor på rein dugnadsbasis sett i gang å arbeida opp ei lita  fotballbane i det området som Yrkesskulebygget ligg i dag. Alle som hadde tilgang på traktorar stilte med desse, og ein av leiarane som jobba i Vegvesenet fekk låna ein hjullastar, som han stilte med. Bana tente i mange år som ein treningsplass og vart flittig brukt til mange aktivitetar – men den var for liten til å verta godkjent til seriefotball.

Fyrst i 1977 vart idrettsanlegget i Gaupne klart til bruk og I.L. Bjørn kunne stilla eige lag i seriesystemet  .Laget måtte då starta i 7.divisjon, og allereie fyrste året vann laget serien sin – og spelte kamp mot vinnaren i Nordfjord om seriemeistarsskapet. I.L.Bjørn vann denne kampen 3-1, og vart dermed den fyrste seriemeistaren i 7 divisjon i Sogn og Fjordane.

Fotball 1977 OK
A-laget 1977

Etterkvart vart det også satsa på jentefotball i laget, og jentene hevda seg veldig godt i serien, og dette vart opptakten til at det i 1990 vart starta damefotball. Allereie  fyrste sesongen vart laget nr. 2 i serien, og i innandørsmeistarskapet same året gjekk laget heilt til topps – og vart seriemeistar i Sogn og Fjordane. Dette førde også til at laget fekk delta i NM i innandørsfotball – der laget vart nr 3 på Vestlandet – etter Klepp og Follesø. Same sesongen vart dame juniorlaget til Bjørn nr. 2 i innandørsmeistarskapet (same poengsum som vinnaren, men med eit mål dårlegare målforskjell)

Sesongen 1991 vart damelaget seriemeistar og fekk såleis spele kamp mot Florø om kretsmeistarskapet. Sjølv om laget var overlegne i spel og sjansar, tapte laget kampen.

Etter nokre få, men svært aktive år vart damelaget lagt ned – mangel på trenar, leiarar og liten rekrutering var vel årsakene til dette.

A-laget fotball 1987
A-laget i 1987

  


Hopp

Frå idrettslaget vart starta i 1966 var ski ein av dei store aktivitetane, og både hopp og langrenn var samla i skigruppa. Det var ikkje så veldig mange som dreiv med hopping, noko av årsaka til dette var nok mangelen på hoppbakkar. Det var berre bakkane i Fossøyane, i tillegg til at det vart bygd nokre bakkar av snø der det let seg gjera. Det vart derfor sett i gang med planlegging av ein 30 metersbakke i Gaupne, og i 1968 stod Grindakollen klar til bruk.

Jan Helge Berdal og Eling Bjørn Fossen
Jan Helge Berdal og Erling Bjørn Fossen

No fekk hoppsporten eit veldig oppsving i laget, men etter  nokre vintrar med snømangel så vart aktiviteten i hopp nesten nedlagd – berre nokre få hopparar var med på Bjønnarennet – så lenge det var hopping på programmet.

Hoppsporten i laget vart liggjande nede fram til midten på 80-talet, då ein starta oppatt med med ei gruppe heilt unge gutar frå Gaupne og Luster, i tillegg vart  4-5 seniorar med.  Grindakollen vart teken i bruk att og no vart det også vald ei eiga hoppgruppe i laget.

Jarle Molland 2
Jarle Molland

Sjølv og gruppa skrumpa inn til 8-10 aktive hopparar, så var aktiviteten stor. Snøforholda var også no heller dårlege, men med stor vilje til å satsa – så oppnådde ein gode resultat i krinsen og Vestlandsmeistarsskapet.

Innandørstreninga vart starta opp i august, og så fort det var mogelegheit til å koma på snø vart hoppbakkane oppsøkte. To gonger i veka gjennom mesteparten av vinteren reiste ein i privatbil over Vikafjellet til trening på Voss, og mange helgar gjekk turen til Lillehammar og Odnes for å hoppa i større bakkar.

Av desse unge var det berre Jarle Molland som forsette med hopping i seniorklassen.

Jarle Molland3
Jarle Molland

Han reiste på skigymnas i Trondheim og vart med i Trønderhopp.  Det viste seg fort at her vart moglegheitene betre, og Jarle oppnådde svært gode resultat på landsplan. Etter mange gode resultat i Norgescupen sette han prikken over i med 4. plassen i senior NM i1996, – berre 20 år gamal – med både Espen Bredesen, Lasse Ottesen og Tommy Ingebriktsen etter seg på resultatlista. Men på grunn av utdanning slutta Jarle med hopping etter denne sesongen – så no har hoppsporten i laget lege nede ein del år.

Kommenter innlegget